21. mai 2022

So nå er berre minner att etter fabrikken som var arbeidsplassen for 5 – 6 mann gjennom mange, mange år. Og minnene lever for alle oss som budde i nærleiken av fabrikken i alle dei åra fabrikken blei dreven som tresko fabrikk. Fabrikken blei bygt i 1893. Skoene hadde gjetord på seg for å vere dei beste treskoa, og på Breidablikk brukte en om vinteren treskoene til å ake på.

Treskosymfonien

– Eit barndomsminne

Til denne tid har ingen brydd seg med å skriva tresko Symfonien, og truleg vil han aldri verta skreven. Dei som driv slikt no har aldri høyrt dei ulike tonearter frå treskoa og har inget grunnlag å byggja på. 


Det er berre dei gamle, som har hatt fast fylgje med treskoa frå tidleg barndom og fram til mogen alder, som synet minnast alle treskotonane. Det er lenge siden dei har lydt for oss, men berre me høyrer namnet tresko, får det eit tonefylgje av noko som nærpå er blitt organisk bunde i oss. 


Treskoa høyrde bunaden til og vart alltid fylgt av lyd eller toner. Frå første øksehogget i treleggen etter emneveden til dei siste restane tærdest bort i omn eller grua, fylgde dei med og hadde alltid eit bodskap å gje om dei ulike tilhøve.

 

Her skal det berre talast om ekte tresko, dei heilgrøpte, slike som ikkje var samansette, men forma heile ut av høveleg store trekubbar. Slike tresko vart ein lydkasse, som dels i tonar tolka eit språk me lærte å kjenna. Plent som me skifter mål gjennom dei ymse utviklingssteg, skifta treskoa med fleire tonehøgder gjennom den stutte tida dei tente oss. 


Dei fleste tresko vart arbeidde av rå emne, difor hadde dei ein annen tone som nye og uslitne enn siden då dei tørka og vart slitne. Store sko hadde også ein annan låt enn dei små, og han kunne også skifta litt etter treslaget dei var laga av. 


Bjørkeskoa var seige og sterke, men kaldare og tyngre enn furuskoa. Kvinnene ville gjerne ha dei lette og nette og valde ofte åresko. Lindesko var gjeve til innebruk og vart gjerne utkrota litt, så dei skilde seg ut frå dei grove arbeidsskoa. Men dei var lite i bruk, kanske fordi det var vanskeleg å finna emne.


I treskotida var det få eller ingen som hadde elektrisk ljos, og om kveldene låg alle bislag i mørke, men det stod gjerne 6 — 10 par tresko der. Der det var barn, kunne det vera vanskeleg å halda orden i desse. Dei hadde så lett for å verta rota omeinannan. 


Ein kan gjerne spørja korleis det kunne vera råd å finna dei rette når alle var samanrota. Det er ikkje lett å svara på dette, men det viste seg å gå utruleg godt. Her kjem det til at kvart skopar hadde sin eigen tone når dei vart førte på, og på sokkeleisten kjende ein fort om dei var store eller små, nye eller gamle, og med ein siste kontroll med å stikka forten nedi, kom ein fram til dei rette.

 

Eg vaks opp i eit skulehus, og i eit lite bislag som høyrde til skulestova, stod kvar skuletime kring 20 par tresko. Ved kvart friminutt skulle alle barna finna sine – og på stuttast tid. Det er vanakeleg å seia at det vart noko vidare samspel i alle lydane frå barn og tresko, men det gjekk utruleg fort å finna kvar sine og koma ut på leikeplassen. 


Ein kunne venta at dette vart vill uorden og eit problem i skulen, men slik var det ikkje. Det var noko alle var van med og tok for at slik måtte det vera. Ein og annan gongen hende det nok at ein tresko vart stukken til side og eigaren laut stå att til slutt og med  sko på berre eine foten hinka ut på leikeplassen.  


Dette kunne vera hevn for eit eller anna, og då vart det godteke av dei andre.. Men vart det gjort for å vera slem mot ein stakkar som ikkje kunne hevna seg, vart det oftast set ned på og teke for ei simpel framferd.


Me barna kunne stundom i bekmørke vinterkveldar og på lang avstand høyra når nokon kom tassande på tresko og på gange laget skilja ut om det var gamle eller unge som var ut og gjekk. Men denne tassinga, utan at ein såg nokon, kunne vera skræmande. Mange vart redde, for dei fleste barna var meir eller mindre fælne.

 

Treskoa kunne gje frå seg så mange slag læte, men oftast var dei under kontroll. Berre når dei fekk riva seg lause og ta ut på eiga hand, slik det kunne hende då me klatra kringom i fjellet etter sauene, kunne dei dansa nedetter fjellsidene med hul-, vill  og utriveleg låt. Då hadde me mista  kontrollen, og det var mest som dei i laussloppen kåthet skratta etter deg. Det fylgde også noko uhugnad med denne låten, for det var noko som minna om at det kanske var dødsdansen for treekoa, eller at dei ville vera vanskelege å finna att.

 

Då eg tenkte å skriva desse minneorda om treskoa, ville eg sjå etter kva andre hadde skreve om dei. Det fall naturleg å sjå etter i to-bindsverket: Vår gamle bondekultur, men der fanst dei ikkje i registeret. Likeeins var det i Familieboka. I eit leksikon stod berre desse orda:”Tresko er fottøy helt eller delvis av tre. I såkalla franske tre sko er bare bunnen av tre, resten av lær. “ Det var alt. 


I Eilert Sundt si bok: Husfliden i Norge,  måtte det finnast noko om tresko. Det stod berre at dei var vanlege over heile Vestlandet, både i by og bygd. Og han legg til at dei fekk rosande omtale kvar han for.


Ein må ha grunn til å spørja korfor treskoa skal gløymast og gøymast på denne måten. Me kan ikkje spora opphavet, men over Vestlandet må dei ha vore i bruk i lange tider. Og for fedrane våre veit me dei var viktegaste fottøyet gjennom heile livet. Slik var det på landet, men også for ein stor del i byane. 


I bygdane var treskoarbeidet eit av dei viktegaste husflidarbeida for karfolka, men det var få eller ingen som dreiv det som einearbeid. For mange var det eit arbeid som høvde best som kveldsarbeid i vintertida. I mine barneår var det mange som dreiv det på den måten. Då grovhogde dei emna i vedskuten om dagen og gjorde resten av arbeidet om kveldane i treskokrakken inne i stova. Me tykte det var gilt å gå slike heimar. Då hadde treskomakare tid å fortelja om så mangt, og eg trur det var til sams hugnad.

 

Treskoa har hatt eit større verd for mange enn ein har lett for å skyna. Likevel. har dei aldri kome lenger enn å høyra til arbeidet og slitet og har lote bera eit mindreverdsstempel. Det hjelpte ikkje kor gode og vakre dei var, så kom dei aldri lenger enn på nederste trinnet, og ingen kunne kjena seg velkledd med tresko, 


Til dei store høgtidene, som konfirmasjon og bryllaup, kunne dei ikkje koma på tale. Berre ein gong har eg høyrt at nokon har stande til konfirmasjon på tresko. Det må vera lenge sidan dette hendte, men det vart fortalt om ei gjenta i ei av grannebygdane at foreldra ikkje hadde råd å kjøpa høvelege konfirmasjonsko til henne. 


Faren lova å arbeida vakre tresko. Men gjenta tykte det var ei dårleg trøyst og gret og  klaga seg. Foreldra vart ikkje rikare av det, og ho laut ta til takke med tresko. Dei må ha vore eit lite kunstverk, for det gjekk gjetord om dei, og gjenta fekk god trøyst då ho fekk høyra at jamvel presten hadde gjeve lovord for dei vakre skoa ho hadde.

 

Det var helst over Vestlandet dei heilgrøpte treskoa var kjende, men no fer dei til å verta gløymde også her. Men turistar kjent heim frå Ho1land med tresko, som dei set til stas. Dei er fint arbeidde og av gode materialar, men tunge og klampne og kunne ikkje ha tevla hjå. dei norske treskoelitarane,


Materialane var lettast å arbeida i sålenge dei var rå, men då kunne skoa sprikka under tørkinga. Dette vart motarbeidd med å stryka over endeveden med tjøra. Den føste tida var dei tunge og aldri heilt lik dei gamle og det tok ei tid før føtene vart van med dei Litt finskjering her og der måtte oftast til før dei høvde godt. 


Gamle folk brukte ofte nedslitne tresko inne, men i min barndom minka det med dette. Då vart det vanleg å måla stovegolvene, og då høvde ikkje treskoa lenger. Men då måtte også mangt arbeid dei før hadde dreve i stovene flytjast ut. Eg tenkjer då først på skaving av bork til for, tresko – og anna trearbeid, 


Men sume dreiv likevel treskoarbeid i stovene til opp mot tjue åra. Det arbeidet som måtte gjerast med sag og øks, var saman med hoggestabben flytta ut. Men eit treskokrakk skjemde ikkje ut i stova. Det var ein arbeidekrakk som skoen vart kilt fast i og som ein sat på under arbeidet. Plata var kring 70 X 30 cm. I eine enden var uteskore eit skrått spor som skoen kunne kilast fast i, men difor måtte ho vera kring 10 cm tjukk.

 

For å laga tresko måtte ein ha noko verktøy som berre var til det arbeidet, og det måtte vera kvast, men var vanskeleg å slipa, difor vart det passa betre på enn anna verktøy. Korleis dei. såg ut og vart arbeidde med, vert det ikkje plass til å skriva om.

 

Mange har nok undrast over korleis skoa kunne gjerast så like og i kvart par høva så godt saman og vera eit spegelbilete av einannan. Om ikkje skilen var stor, så hadde kvar treskomakar sin eigen skant, og såleis kunne me kjenna kvar skoa var komne frå.

 

Dei som arbeidde tresko for sal måtte ikkje dilla mykje i arbeidet. Det måtte gå fort skulle dei halda ei lita løn. Ein av dei eldste her i Strand fortalde nyss at då han var barn, leigde dei ein husmann, som kom heim til dei og arbeidde tresko. Han gjorde ferdeg fire par til dagen og fekk tilsaman ei krona. Men han heldt det for ein fordel å få arbeida på den måten, for då slapp han å halda materialane. Dei han arbeidde heime hjå seg sjølv, fekk han 25 — 30 øre paret for og måtte halda materialane sjølv. Så låge prisar kan ikkje eg minnast, men kr. 1,50 for paret til vaksne var ei tid vanleg pris.

 

Tresko hadde ikkje berre fordeler. Ei av dei største ulempene var at dei sleit mykje på sokkane, men dei var heimespøtte av tjukt garn og tynnslitne i solane vart dei lappa. I laus snø var treskoa vanskelege å bruka. Då fylte dei seg med snø som smelta og ein vart våt på føtene. I klabbesnø var dei ikkje betre. 


Klabbane kunne verta så tjukke at ein gjekk som på stylter, og slapp dei taket, kunne ein falla og skambrekka seg. Men i dei nemnde høve, vart treskoa skifta ut med labbar, og då greidde ein seg godt.

 

Som barn var me ofte trøytte av treskoa, og det var ein stor lette då sumaren korn og me kunne kasta både sokkar og tresko. Då var 17. mai ein merkedag. Frå den dagen kunne me så smått fara til å gå barbeint. Difor vart denne frigjeringsdagen også ei frigjering frå treskoa, og det talde sikkert meir for oss enn den frigjeringa me elles feira.

 

Treskosymfonien

Eg vart fødd i Strand i Rogaland for over 80 år sidan og vaks opp i eit lite skulehus, Den eine halvdelen var skulestove og den andre lærarbustad. På skulen gjekk alle barne med heilgrøpte tresko. Det vil seia dei var heilt av tre, utgrøpte og tilforma av passe store kubbar. Mest halvparten av alle menn i bygda arbeidde tresko til eige bruk, men nokre arbeidde også for sal. Dei vart alltid utforma og grøpte i rått tre, for det var lettast å arbeida i. 


Ein flink treskomakar kunne gjera ferdig 4 – 6 par om dagen, så arbeidet gjekk fort una. Vanleg pris på skor til vaksne, låg lenge på 1,5 – 2 kr. for paret, Gamle folk fortalte derimot at dei hadde arbeidd skor i lang tid  for 25- 30 øre paret.

 

No skal eg ikkje fortelja meir om teskoarbeidet. Det var noko heilt anna ved tresko eg hadde tenkt å fortelja om. Med eit fint namn kunne eg kalla det treskosymfonien. No vil han vera ukjent for dei fleste. Til denne tid har ingen prøvt å skriva han med noter, og truleg vil det heller aldri verta gjort. Ingen vil koma til å få høyra han meir, og grunnlaget borte. 


Det er berre dei gamle, som har vakse opp i treskotida, som har høyrt dei ulike toneart frå treskoa, og høyrt dei i samla kor. Det er lenge sidan dei har lydt, men berre me gamle høyrer namnet tresko, tykjer me det har eit tonefylgje av noko som nær var organisk bunde i oss. Treskoen er eit lydinstrument, som dels i tonar kunne tolka eit språk me lærte å kjenna. 


Slik som me sjølv skifter mål gjennom dei ulike utviklingsstega, skifter treskoa mæle i fleire tonehøgder gjennom den stutte tida dei tente oss. Då skoa var nylaga og rå, hadde dei ein annan tone enn då dei vart tørre. Små sko hadde ein annan låt enn dei store og i alle skifta han etterkvart som dei vart slitne. Låten skifta også etter treslaga der var arbeidd av.

 

Bjørkesko var seige og sterke, men kaldare og tyngre enn furusko. Kvinnene ville helst ha dei lette og nette, og valde oftast oreskor. Lindeskor var gjeve for kvinnene til innebruk. Dei vart ofte utkrota litt og skilde seg noko ut frå dei grovare arbeidsskoa. Dei var lite i bruk, truleg fordi det var vanskeleg å finna emne.

 

Utfor skulestova heime var det eit lite bislag, og der sette barna treskoa frå seg før dei gjekk inn i skulestova. Før kvar time vart bislaget fylt med kring 20 par tresko Når timen så var slutt, skulle alle barna finna kvar sine på stuttast mogleg tid, og koma seg ut i skulegarden. Ein kunne venta at dette måtte føra til vill uorden, og vera eit problem for skulen. Slik var det ikkje. Alle var vant med at det måtte vera slik, og alt ordna seg oftast på beste måten. Det kan likevel ikkje nektast at det ei kort tid vart ein vill låt av treskolarm og barnestemmer. Det er slikt eg kallar treskosfonien.

 

Det kunne ofte verta mange treskopar i bislaget hjå kvarmann. I den tida hadde ingen elektrisk ljos, så om vinterkveldane kunne det vera stummande mørkt der treskoa stod. Ein skulle tru at det då måtte vera mest uråd å finna fram til dei rette, og oftast kunne dei vera mykje samanrota. Likevel gjekk det utruleg fort å finna fram i treskohaugen. For det eine kom dette av at kvart skopar hadde sin eigen tone når dei vart førte på. Og på sokkeleisten kunne ein straks kjenna kor stor skoen var, og om han var ny eller mykje sliten. Både øyra og foten hadde ei utruleg god trening i å finna fram til dei rette.


Då me som barn sprang ute i mørke vinterkveldane. Kunne me stundom på lange avstand høyra tassing av ein me ikkje såg og som gjekk på tresko. Det kunne ofte vera noko trolsk over slik tassing, for me var jamt noko fælne. Tasselyden frå treskoa fortalde ofte mykje om den som var ute og gjekk. Me kunne høyra om det var barn, ungdom eller eldre. Stundom kunne det vera som om dei sladra om den sinnstemninga vedkomande var i.

 

Ja, treskotonane kunne fortelja om så mangt. Eg synest enno å kunna høyra den hule – og mest skrattande lyden frå treskoa då dei åleine kunne ta ut på ville vegar. Dette hendte ikkje så sjeldan når me sprang i fjellet etter sauene, og var uheldige å missa den eine eller begge skoa. Då kunne dei dansa nedetter ufser og svadberg med ein frisloppen låt, og det var mest som om dei skratta av deg. 


Eller kan hende det var litt gled og skadefryd i tonane. Dei lydde så framande, for me hadde alltid vore gode vener. Det var som om dei song nidviser etter deg. Omat kunne du ha det så godt. No ser du oss aldri att meir. Me var trugne mot deg over fjell og heiar og kvar me vart styrte, og me var godt tilpassa einannan, så du kunne kappspringa med sauene over nutar og rinnar. Men no er me frie, og songen vår vil du aldri meir få høyra ——.

Men han vil framleis lyda i øyro mine likevel.

Av Peter Barkve

(1904)

Tau fort

Tau kan også by på et militærfort fra krigens dager, bygget av okkupasjonsmakten Tyskland. Det meste ble dessverre sanert i 2014, men ennå kan man se

Les mer »

Mølleparken

Mølleparken på Tau ble etablert bare året etter at Tou Interessentskab ble opprettet i 1855. I flg Tous første jubileumsbok som kom ut i 1905 ble

Les mer »

Prestegården på Løbrekk

Prestegården på Tau som ligger på Løbrekk har en lang og innholdsrik historie å fortelle. Prestegårder tilhørende den norske kirken ble vanlig i fra 1300-tallet. Vi

Les mer »

Her finner du oss: