27. juli 2024

Eldgamle reiskapar frå Strand

I denne utstillinga er det valt ut eit knippe reiskapar som seier noko om korleis ulike tider har skifta. Samstundes er formene økser og knivar har hatt gjennom tusenåra lett å kjenne att for oss i dag. Gjenstandane er utlånt av Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Steinalder og bronsealder 

JAKT. Tangepilene, pilspissar med «skaft», er vanlege å finne på steinalderbuplasser. Dei viser kor viktig jakta var på denne tida. Tangen blei sett inn i ei fure ytterst på pilskaftet som så blei surra hardt. Pilspissane frå Botne er laga av flint og rhyolitt. Flinten kan vere såkalla strandflint som ein har funne lokalt, men rhyolitten kjem truleg frå eit steinbrot ved Siggjo på Bømlo. Steinaldermenneska var særs mobile, så ei reise mellom Bømlo og Strand i skinnbåt har nok ikkje vore noko problem.

 

JORDBRUK. Mot slutten av steinalderen kom jordbruket til landet, og supplerte den tradisjonelle jakta og sankinga. Den nye levemåten kravde at landskapet blei opna ved skoghogst. Bonden trengte gode økser til å rydde skog, reise gjerder og skaffe byggemateriale. Slipte økseblad av bergart var vanleg. Øksebladet frå Nag har på same måte som dagens økser vore festa til eit skaft av tre.

 

MAKT. Med jordbrukssamfunnet blei også skilnadane mellom folk større. Flintdolken er eit døme på ein statusgjenstand som berre eit fåtal hadde høve til å skaffe seg. Dolken er truleg importert frå Danmark, der dei hadde rik tilgang på god flint og der dei masseproduserte slike dolkar.  Dolken frå Tau har truleg vore surra med skinn i handtaket.

 

Jernalder og mellomalder 

KLEDE. Det vesle spinnehjulet laga av grønleg kleberstein er funne på Idse. Det har strekdekor på både oversida og undersida. Som namnet tilseier har spinnehjul samband med det å lage tråd, ikkje på rokk men med ein handtein. Spinnehjul blei nytta på handteinen for å halde garnet stramt og få ein jamn rotasjon ved arbeidet. Tyngda varierer etter kva type tråd ein skal spinne. Tunge hjul gjev ein tjukk tråd, lette hjul ein tynn tråd. Det er vanleg å finne spinnehjul i kvinnegraver, og det har truleg vore eit symbol på det kvinnelege. Også i dag kallar ein somme gonger slekta på morssida for spinnesida, medan slekta på farssida er sverdsida.

 

VÅPEN. Øksebladet og spydspissen kjem frå ei mannsgrav på Lekvam. Grava er frå århundret før vikingtida og våpna kan ha tilhøyrd ein krigar. Frå Strand er det fleire rike graver frå vikingtida, mellom anna ei såkalla ryttergrav der den døde var gravlagd med hesteutstyr og mange våpen. Øksebladet har hatt treskaft, og den lange spydspissen har danna enden av eit trespyd. 

 

VELFLIDD. Denne kammen er funne i ein såkalla heller i berget på Meling. Sjølv om litt av kammen manglar, ser vi at den har ei fin form og har bronsenaglar. Slike dobbeltkammar med to sett med tenner var vanlege frå 1100-talet og utover mellomalderen. Kammane blei laga av handverkarar i byar, og denne kjem nok frå Stavanger. Handverkarane laga kammane av reinsdyrgevir. Kanskje har dei fine kamtennene vore nytta som lusekam, og dei noko grovare kamtennene til vanleg hårstell. 

 

BRØD. Den store kvernsteinen er funne på Heng. Det er ein underliggar til ei såkalla dreiekvern, som ein nytta til å knuse korn ved rotasjon. Ein overliggar med trehandtak har opphavleg høyrt til kverna. Kvernsteinen er laga av glimmerskifer med granatar. Kverna gjorde kornet til mjøl eigna for baking. 

 

Fotos: Annette Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS.

Om forfattaren:

Håkon Reiersen arbeider med samlingsforvaltning, med hovedvekt på jernalder. Forskningen hans kretser rundt statusgjenstander, graver, elitemiljøer, maktsenter og faghistorie. For tia er han involvert i forskningsprosjektet «Avaldsnes – Maktens havn», i samarbeid med Stavanger maritime museum. Han er medlem av forskernettverket «Internationales Sachsensymposion»forskergruppen «Animals mediating the Real and the Imaginary (ARI)» ved UiS og sitter i styret til Norsk ICOM.

Her finner du oss: